01 november 2008

Siby Trip

Meg, Mona og pappa reiste på Siby trip tur med youth group(søndagsskule gruppa).
Me reiste til ein foss. Me var 4 bilar som var nokså fulle, men når me hadde kome ut av byen stoppa den eine bilen. Då måtte me stappe folk inni dei andre bilane. Og me kjøyrde eit lite stykke, men selfølgelig var den andre bilen for låg til å køyre lenger så me måtte igjen stappe folk inni bilane. Nå var me bare 2 bilar, så eg må innrømme at det var litt trangt. Den bilen me satt i var ein 9 seters bil, men til slutt sat det 16 stk i. Den andre bilen satt det veldig mange på lasteplanen for det var kun 4 seter inni bilen. Me kjøyrte 2 timer med desse full stappa bilane. Når me kom fram var det godt å strekkje på beina. Når me kom fram til fossen minte det oss om jettegrytene på Kvitsund. Det var knall fint. Vatne var litt kaldt, men det var godt for me var varme. Me bada ei god stund, nesten heile tida. Me gjekk under fossen og hoppte frå ein liten kant. Nokon hoppte frå stupet, men det gjorde ikkje me. Eg skal prøva neste gong, håper eg. Eg håper Mona og vil det.
DET VAR KNALL GØY!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, det såg kjempekjekt ut. Me er misunnelege....! Kos dykk! Hels Kristoffer!
Amalie og Geir Viste